Meir enn 20 000 frivillige lag og organisasjonar får utbetalt momskompensasjon før jul, det er heile 1000 fleire enn i fjor. – Det sjølvsagt gledeleg at fleire er med. Samstundes ser vi at avkortinga aukar. Det er ei utvikling vi ikkje ynskjer, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Over 20 000 frivillige lag og organisasjonar får i desse dagar utbetalt momskompensasjon på til saman 1,22 milliardar kroner frå Kulturdepartementet gjennom Lotteri – og stiftelsestilsynet. Potten til fordeling aukar, men fordi fleire søker, har kompensasjonen til den enkelte organisasjon går ned. Avkortinga i 2015 er på 21,7 prosent av det godkjende beløpet, mot 17 orosent i 2014.

-Vi ser at stadig fleire frivillige organisasjonar søker. Det er positivt, og viser at ordninga er svært viktig for det frivillige arbeidet i Norge. Norsk Friluftsliv meiner difor at myndigheitene må sørgje for full momskompensasjon for frivillige organisasjonar, seier Heimdal.

Lista med dei frivillige friluftslivsorganisasjonane som får utbetalt momskompensasjon i 2015 finner du her:

Organisasjonar som har fått momskompensasjon

print