Seier nei til fleire maskiner i fjella

/, Motorferdsel - fremhevet, Nyhetsarkiv/Seier nei til fleire maskiner i fjella

Seier nei til fleire maskiner i fjella

Norsk Friluftsliv seier nei til innføring av såkalla «Catskiing». – Vi ønskjer ikkje meir motorisert ferdsel i norsk natur og går difor sterkt imot begge alternativa som skisserast for ei opning for «catskiing», seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Det er ikkje lenge sidan det vart opna for fornøyelseskøyring med snøscooter. No ønskjer regjeringa å opne for Catskiing – nok ei ny form for motorisert ferdsle i naturen. 29. oktober sendte Miljødirektoratet ut høyring om Catskiing, med 7 vekers høyringsfrist: Forslag til endringer  i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdsellova) og forskrift 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøy i utmark og på islagte vassdrag (nasjonal forskrift), som opner for at catskiing kan tillates innan visse områder.

«Catskiing» går ut på å frakte skituristar til fjelltoppar med ombygde trakkemaskiner, slik at dei kan frikøyre ned igjen i urørt snø, ofte fleire gongar – som eit alternativ til å gå opp.

-Norsk Friluftsliv ønskjer ikkje at det vert opna for catskiing, fordi dette er nok et bidrag til meir motorisert ferdsel i naturen. Fram til no har det vore ein prinsipiell skilnad mellom bruk av motorferdsel til nytte og fornøyelse. Ved å innføre av mogeligheita til å etablere snøscooterløyper for fornøyelseskøyring,  er dette prinsippet brote, og vi er sterkt uroa for utviklinga dette kan føre til på sikt, og kva konsekvensar dette vil ha for den norske friluftslivstradisjonen, seier Heimdal.

Les Norsk Friluftsliv sitt høyringssvar her

Skispor

Skriv ut denne siden
2017-10-18T14:50:59+00:00torsdag, desember 17, 2015|